Per Egil Hegge

Bio

Per Egil Hegge er fødd i Trondheim, men voks opp i Inderøy, og har såleis ballast til å vite mykje om humor i begge trønderfylka. Han har skrive ei lang rekkje bøker om politikk, historie og språk, og er kjent frå Aftenposten som journalist gjennom mange år, dei siste åra særleg frå språkspalta i avisa. Hegge er også kjent for å ha blitt kasta ut av Sovjetunionen og at han er glad i inderøysodd.