Jordmor på jorda: eit kvinneliv i det 19 århundret

Forfatter: Edvard Hoem
Innleser: Edvard Hoem
Varighet: 04:13:05
Utgitt: 2010-01-25
Språk: Nynorsk
ISBN: 9788242140739

Beskrivelse

Dette er første bindet i Edvard Hoems familiekrønike, som vi kjenner frå «Mors og fars historie» og «Heimlandet. Barndom». Den er samstundes skrive i anledning 100-årsjubileet til Jordmorforeninga.

I denne boka fortel Hoem om si tippoldemor Martha Kristine Nesje, eller Jordmor-Stina, som folk kalla henne, ei kvinne som i 1821 gjekk til fots frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor. Ferdig utdanna gjekk ho tilbake igjen for å praktisere som jordmor i femti år. Det er eit livsdrama, som framfor alt går føre seg i sinnet til ei husmannsdotter, som verken ville ta namnet til ektemannen eller bøye seg for bygdesnakket. I sin ungdom fekk ho heile bygda mot seg. I sin alderdom vann ho beundring og respekt. Men vegen dit var lang, den tok eit liv.