Lars Petter Sveen

Bio

Lars Petter Sveen er fødd i 1981. Han er tidlegare elev på Skrivekunstakademiet i Hordaland, og er opphavleg frå Fræna i Møre og Romsdal. Han er mellom anna tildelt Sultprisen, Per O. Enquist pris 2016, Nynorsk litteraturpris 2014 og Jan Roar Leikvolls minnepris 2015 . Då Jo Nesbø fekk Den norske leserprisen i 2008, ga han ekstraprisen på kr 50 000 – som skal gå til «ein lovande norsk forfattar» – til Sveen. I 2015 blei han kåra som blant dei ti fremste, unge norske forfattarane kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival.