Carl Frode Tiller

Bio


– Eg har alltid vore oppteken av ting som har med identitetsproblematikk å gjere, altså om kven vi er og kvifor vi blir som vi blir. Det var vel eit slags behov for å finne mier ut av sånne prosessar.


Det sa forfattar Carl Frode Tiller til NRK då han vart tildelt P2-lytternes romanpris 2010 for romanen «Innsirkling 2», den andre boka i «Innsirkling»-trilogien.


Prisløna


Det er ikkje første gong Carl Frode Tiller vert tildelt P2-lytternes romanpris. Han mottok den same prisen for romanen «Skråninga», som han debuterte med i 2001. For den fekk han også Tarjei Vesaas’ debutantpris, og romanen blei nominert til Brageprisen. For den første «Innsirkling»-romanen mottok Tiller Brageprisen 2007 og Kritikerprisen for beste voksenbok 2007. Både første og andre Innsirklingboka var dessutan innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris.